
SOSAKJØT
Tradisjonsrik, god mat som smakar ekstra godt ein sur og våt haustdag.
Retten får fyldigare smak om vi kokar ein stor porsjon.
4 porsjonar 2 - 2,5 timar
Grytekjøt frå Tindemat ca 1 1/4 kg
Margarin/smør/rapsolje 2 ss
Løk 2 stk (middels til store)
Kveitemjøl 3 ss
Kraft eller vatn 3 - 4 dl
Salt 1 1/2 ts
Peparkorn 6 - 9 stk
Laurbærblad 1 stk
Skjer kjøtet i serveringsstykker. Rensk løken og skjer i båtar.
Brun kjøtet godt i olje/smør. La løkbåtane surre med nokre minutt til slutt.
Strø kveitemjøl over, bland godt og spe med vatn.
Ha i salt og krydder.
La kjøtet småkoke under lokk på svak varme til det er mørt (1,5 - 2 timar).
Rør i gryta av og til så det ikkje svir i botn.
Spe med litt meir kraft/vatn om sausen vert for tjukk.
Server med kokte, gode poteter, tyttebær, kokte rotgrønsaker eller ertestuing.
God middag!