STORFEKJØT

Storfekjøt er ei felles nemning for alt kjøt frå storfe. Storfekjøt har ulike bruksmåtar som varierer med stykningsdelane. Storfekjøt er sunn og mager mat. Det inneheld rikeleg med høgverdige protein, jern B-vitaminer og sink. Og så smakar det fabelaktig godt.

Grovt rekna kan ein seie at kjøtet frå bakparten er det møraste. Det vert gjerne brukt til rettar steikt i panne og til oksesteik. Kjøt frå framparten, som bog, bryst, bibringe og høyrygg, har meir bein og hinner enn kjøt frå bakparten. Dette kjøtet eignar seg aller best til kokte rettar som kjøt og suppe, lapskaus, sosakjøt, o.l. Grunn til desse forskjelane er at 2/3 av vekta til dyret kviler på frambeina, noko som gir større andel bindevev. Kjøt med mykje bindevev treng lenger tilberedingstid for å bli mørt og velsmakande.

INDREFILET OG YTREFILET

Indre og ytrefilet av storfe er noko av det flottaste ein kan servere. Det passar like godt som ein variasjon i romjula og nyttårsafta, som ein varm sommardag på grillen. Kan steikast heil eller i biffar.

MØRBRAD

Øvst på låret sit mørbraden som er den møraste biffen på låret. Det er like magert som ytrefileten og inneheld berre 2,3% fett. Den kan steikast heil til roastbiff, i skiver til biff eller i strimlar eller bitar til finare gryter og fondue.

 

FLATBIFF

Flatbiffen er det største biffstykket på låret. Flatbiffen inneheld kun 1,7 % fett. Den eignar seg godt til oksesteik og roastbiff, og er ypparleg til biffstrimler og grytekjøt. Godt mørna vert det nydeleg biff.

 

ENTRECOTE

Dette er forlenginga av ytrefileten på framsida av ryggen. Den har litt meir isprengt fett i kjøtet, noko som gjer den saftig, mør og smakfull. Inneheld11,5 % fett. Entrecôten eignar seg til heilsteiking eller i skiver til biff.

 

SURRA STEIK

Steika i pakken er kjøt frå låret på dyret. Vi surrar steika i nett for enklare tillaging.

 

GRYTEKJØT

Høyrygg, bryst, bibringe og bog er kjøt som inneheld bein. Kjøtet i våre pakningar er beinfritt. Vi kaller også dette kjøtet for kokekjøt. Det er kjøt med mykje bindevev som må trekke i vatn ved ca. 80° C for å bli mørt. Det er kjøt som er eigna til ferskt kjøt og suppe, sosakjøt, lapskaus, ragu o.l.

                                                                     

TINDEBURGER

Ein rein storfeburger med berre økologiske ingrediensar. Fint krydra med Tindemat si eiga spesialblanding. Glutenfri.
Sneise godt på grillen. Eller i panna når du får lyst på noko smågodt.

 

KJØTPUDDING

Tindemat produserer også ein god kjøtpudding av berre økologiske råvarer.

 
 
KVERNAKJØT
 
Reint kverna storfekjøt tilsatt 1% salt og under 5% vatn
 
 
SPEKEPØLSE BLÅBRETIND
Spekepølsa er laga av kjøt frå den gamle norske husdyrrasen Vestlandsk fjordfe og er tilsett norske krydder
 
SPEKEPØLSE KLØVHEITIND
Spekepølsa er laga av kjøt frå den gamle norske husdyrrasen Vestlandsk fjordfe og er tilsett norske krydder
 
SAU

Tindemat har også Svein og Svein som driv med sau, med på laget. Vi har dessverre ikkje kome så langt at vi kan tilby ferdige produkt av sau under Tindemat-merket. Er du sugen på økologisk sau, kan du likevel kontakte Tindemat, så skal vi sjå kva vi kan gjere.