
På dei grøne slettene under Tinderad har kyrne beita i mange hundre år. Lenge før fôr blei behandla med sprøytemiddel og i ei tid då Vestlandsk Fjordfe var den vanlegaste kurasen på vestlandsgardane.
Tidene har endra seg sidan den gong. Det meste av maten vi puttar i oss, både kjøt og grønt, er eit resultat av jordbruk der det blir nytta kjemisk insektmiddel, ugrasmiddel og nitrogengjødsel. Økologisk jordbruk, fritt for slikt, er framleis på nybyrjarstadiet her i Noreg, og i mellomtida er Vestlandsk Fjordfe, som blir hylla av kokkar for den flotte marmoreringa i kjøtet, blitt eit sjeldant syn i vestnorske fjellsider.
Vi som står bak Tindemat har valgt ein annan kurs, og har satsa fullt og heilt påpå økologisk jordbruk. Kyrne våre er representantar frå rasane Vestlandsk Fjordfe og Norsk Raudt Fe. Desse heldige kyrne får nyte stølslivet om sommaren. Då går dei på mjukt gras under skarpe tindar, viftar vekk fluger i soldisen og drikk friskt og sildrande fjellvatn. Det seier kanskje seg sjølv at slikt blir det godt kjøt av.
Med kjøt frå Tindemat veit du kva du får og kva du et.

